UFO-sverm avbraut fotballkamp
Det var eigentleg ein heilt vanleg kamp i
reservelagsserien i Toscana ein dag på
50-talet. Men grunnen til at kampen måtte
avbrytast, var alt anna enn vanleg: Ein
sverm med lysande UFO-ar som tok til å fly
over bana.
Tysdag 27. oktober 1954 var ein klår og
kjølig ettermiddag. 10.000 menneske hadde
møtt fram til lokaloppgjeret mellom B-laga
til Italias beste lag på den tid,
Fiorentina, og den lokale rivalen Pistoiese
på Stadio Artemi Franchi i Firenze.
Andre omgang var så vidt i gang. Så kom
UFO-ane over bana, og kampen stansa heilt
opp. Publikum, spelarar og dommarar fekk
plutseleg helt andre ting enn kampen å
tenkje på.
20 sigarforma lysande objekt
Sjeldan har ein fotballkamp blitt avbroten
av ei meir spektakulær årsak enn B-kampen
mellom Fiorentina og lokalrivalen Pistoiese
då rundt 20 sigarforma lys stansa rett over
stadion.
Dei blei hengande der ei lita stund, men
etter nokre minutt – noko seier fem, andre
15 – reiste dei i sikksakk frå
stadion-området.
Og som om ikkje det var nok: Nokre minutt
etterpå tok kvite små strimlar til å falle
ned over bana. Det blei borte raskt, omtrent
som dei første fnugga av nysnø.
Var det invasjon frå verdsrommet? Eller kva
var det? Ingen har funne noko klart svar på
det som skjedde denne dagen over Stadio
Artemi Franchi i Toscana i Italia for 60 år
sidan. Den dag i dag er det eit mysterium,
det dei opplevde på og rundt bana.
audio
on this- hør BBCopptak på dette- kopi
her
– Eit ufatteleg syn
Eit par minutt ut i andre omgang, på
stillinga 6–2 til Fiorentina, omtrent klokka
14.20, skjedde det: Dei lysande punkta
stansa rett over bana. Ingen forstod kva det
var.
Fiorentina-supporteren Gigi Boni var blant
dei 10.000 på tribunane.
– Eg hugsar godt det ufattelege synet, sa
han. – Dei (lysande objekta) kom veldig
raskt, så stansa dei heilt opp. Dei såg ut
som kubanske sigarar, fortel han.
– Eg trur framleis at det var utanomjordiske
vesen. Det finst inga anna forklaring, sa
Boni til BBC mange år etterpå.
– Vi gløymde kampen
Fiorentinas landslagsspelar Ardico
Magnini spela også kampen. – Vi oppdaga at
publikum ropa og såg opp mot himmelen i
staden for på oss som spela fotball.
Automatisk såg vi opp også, og gløymde
kampen. For meg såg det ut som lysande egg
som rørte seg sakte. Vi fekk vel nærmast
sjokk, seier Magnini.
Dommaren stoppa sjølvsagt kampen der og då.
«Fordi publikum såg noko på himmelen», som
han skreiv i kamprapporten sin. Først etter
at UFO-ane hadde reist sin veg, sette han
kampen i gang igjen.
Pistoiese-spelar Romolo Tuci hugsar også
svært godt hendinga. Han var i tenåra den
gongen, og trur endå fullt og fast på at det
var vesen frå andre planetar enn jorda han
såg.
– Alle snakka om UFO og utanomjordiske vesen
på den tid. Og vi trudde fullt og fast at vi
såg dei på direkten, så å seie, seier Tuci.
Han trur framleis det var utanomjordiske
krefter han såg resultatet av den dagen.
Over heile byen
Det var ikkje berre dei på og rundt
bana som opplevde dei flygande objekta.
Lysa var skarpe, sjølv om det var midt på
dagen, og kunne sjåast frå heile byen. Også
frå nabobyane kom det meldingar om
uforklarlege lysande objekt på himmelen den
ettermiddagen. Så langt unna som i Venezia
var dei observert den dagen.
Forskarar og vitskapsmenn har grubla over
hendinga i dei 60 åra som har gått, men utan
eit eintydig svar. Dei har mange teoriar og
mange mogelege forklaringar, som ulike typar
av militær aktivitet. Men ingen har funne
fasiten.
Men det kan ikkje ha vore innbilling eller
massesuggesjon på stadion. Dei lysande
flygande objekta vart nemleg observerte i
fleire byar over heile Toscana den dagen og
dagane etterpå, meiner Roberto Pinotti,
president for Italias nasjonale UFO-senter.
Aviser: Invasjon frå Mars
Innsamling av vitneobservasjonar
viser at lysa kom nordfrå, og var først
registrert i Prato, nord for Firenze.
– Avisene skreiv om invasjon frå Mars. No
veit vi at det ikkje var slik. Men vi må
konkludere med at det var eit intelligent
teknologisk fenomen som ikkje kan knytast
opp til noko vi kjenner på jorda, seier
Pinotti.
Hendinga vekte sjølvsagt stor merksemd i
pressa. «Ei bølgje av flygande tallerkar
over Italia», var overskrifta i avisa
Domenica del Coririere.
Pinotti er også forundra over nedfallet som
Magnini kallar ”sølvglitter”. Andre har gitt
det namnet ”englehår”. Pinotti er usikker på
om det hadde nokon samanheng med dei lysande
flekkane.
Lokalavisa nedringt
Giorgio Batini var journalist i
lokalavisa ”La Nazione” – ei avis som vart
nedringt av folk som meir eller mindre
skrekkslagne undra seg på kva dette var. I
eit tv-program mange år etterpå fortalde
Batini korleis han opplevde det.
– Eg gjekk opp på taket på bygningen vi
heldt til i, midt i byen. Der såg eg tydeleg
lysande ballar som bevegde seg i retning
katedralen, fortel han.
Deretter reiste han ut i ein liten skog i
utkanten av byen, og fann at bakken var
dekka av det lette fine nedfallet. Han
klarte å ta vare på noko av det, og tok det
med til eit institutt for kjemisk analyse.
Der fann dei ut at det inneheldt element av
mange ulike stoff, mellom anna silisium og
brom. Men det var ikkje radioaktivt.
Mange teoriar
Noko nærmare svaret kom han ikkje. Det har
ingen andre gjort heller, 60 år etterpå. Men
teoriane er sjølvsagt mange.
Som for eksempel at militære eksperiment med
å forvirre fiendtleg radarovervaking kan ha
gitt lys som viste seg i skyene. Og at dei
mystiske sølvtrådane var eit spesielt
spindelvev som edderkoppar brukar for å la
seg blåse av garde i vinden. Men ingenting
av dette er verken bevist eller spesielt
sannsynleggjort i ettertid. Trass mange
forsøk.
Fiorentina var beste laget i Italia og eit
av dei beste i Europa på den tid. Så om
utanomjordiske vesen skulle velje å kome til
jorda for å sjå ein fotballkamp, var ein
Fiorentina-kamp kanskje eit naturleg val.
audio
on this